Selja Forlag har sidan starten i 1996 gitt ut over 160 bøker. Alle med forankring på Vestlandet. Den første boka handla om klosterøya Selja, som i tidlegare tider var eit viktig senter på Vestlandskysten, og i nyare tid gav forlaget namn. Selja Forlag prøver å famne om heile Vestlandet og har ein klar nynorsk- og sakprosaprofil.

Forlaget har tre tilsette på heiltid. Frå venstre forlagsredaktør Grethe Eithun, forleggjar Torkjell Djupedal og sals- og marknadsansvarleg Anne Britt Fedøy.
- Vi er opptekne av å fortelje gode og viktige historier, særleg frå det verkelege liv. Viktige stikkord for oss er historie, kultur, natur, folk, reise, mat og kyst. Vi legg stor vekt på at bøkene skal ha høg kvalitet, både på tekst, foto og utforming, seier forleggjar Torkjell Djupedal.
Selja Forlag har kontor i Førde med eige lager, sal og distribusjon. Dei siste åra har vi gjeve ut 12-15 bøker kvart år. Mellom dei mest kjende titlane er "Opptur"-bøkene med flyfotograferte fotturar og "Fjordamat"-bøkene med vestlandsk tradisjonsmat.

Fødd 1957
SLEKTSRØTER frå Selje, busett i Førde sidan 1992. Oppvaksen i eit hus fullt av bøker, og har alltid vore av den lesande og skrivande sorten. Utdanning: cand.mag. i samfunnsfag ved Universitetet i Bergen, og i tillegg M.A.-grad i journalistikk frå University of Oregon, USA.
ARBEID: journalist i Gula Tidend, Bergen, 1986-89, informasjonsarbeidar i Sogn og Fjordane fylkeskommune 1989-92, radiojournalist i NRK Sogn og Fjordane 1992-97. Sidan 1998 forfattar, forleggjar og dagleg leiar i Selja Forlag.

Fødd 1966
SLEKTSRØTER frå Bergen og Sogn. Oppvaksen i Førde. Utdanning: Grunnfag i organisasjons og administrasjonsvitenskap, grunnfag i samfunnsfag, mellomfag i historie.
ARBEID: Variert yrkeserfaring. Har jobba i reisebyrå, som journalist i Firda Tidend og Firdaposten, hatt ansvar for den daglege drifta av Folkeuniversitetet i Luster og Sogndal, jobba som førstekonsulent i Aetat Sogndal og har vore tilsett som forlagsredaktør i Selja Forlag sidan mars 2004.

Fødd 1970
SLEKTSRØTER frå Sunnfjord. Oppvaksen på Værlandet. Utdanning: Grunnfag i nordisk, tysk og bedriftsøkonomi samt Fagskolen for Bok og Papir.
Arbeid: Variert yrkeserfaring. Har jobba på fag- og barnebokavdelinga på Melvær i Galleriet, som lærar ved Bulandet skule og som journalist. Mest i Firda, men også som frilans. Tilsett i Selja Forlag frå juli 2009.
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no