Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Fødd 1939
Jon Tolaas er lektor og forfattar, med ein omfattande skjønnlitterær forfattarskap bak seg sidan debuten med "Gjest i ditt tjeld" i 1967.
Men for mange er draumeforskaren like kjend som lyrikaren og læraren.
Den faglitterære bibliografien hans tel over 20 titlar. I dikta og novellene er det vakre og det ureine blanda på særmerkt vis, i eit spennande mangfald. ”Eg er ein mann som talar med mange tunger”, har han sagt om seg sjølv. Og dette er kanskje den beste karakteristikken av forfattarskapen: alltid overraskande, men alltid med auge for det vakre i det menneskelege.
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no