Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 13. november 2008
kl. 11:39:24 av Grethe Eithun
Stemningsfulle juleforteljingar, surrealistiske juleeventyr og forvitnelege historiske hendingar. Spennvidda er stor i den nye boka ”Juleglimt” med 20 vestlandsforfattarar som skriv om eigne opplevingar eller fantasiar kring jul og juletradisjonar.
Nokre historier er sanne og bygger på eigne erfaringar, andre igjen er rein dikting, som forteljinga om snekkar Andersen, som innleier eit forhold til nissemor…, skrive av Halvor Folgerø.
Og ikkje nok med det: vi får vere med på Ragnar Hovland sitt første møte med julenissen, om det er sjølvopplevd veit vi ikkje, men her er ein smakebit: ”Det var ein mann vi aldri hadde sett før. Ikkje høyrt om heller. Han hadde eit uhyggeleg raudt ansikt og eit grufullt kvitt skjegg. Han hadde ei kvit lue på hovudet og i auga hans lyste det av helvetes eld. Det var det mest grufulle syn eg nokon gong hadde sett. Og eg gløymer aldri den djevelske røysta som sa: Er det noen snille barn her?”
Bjørn M. Toft frå Haugesund har skrive ei kjenslelada historie basert på Røvær-ulukka i 1899, der 30 menneske, frå fiskeværet Røvær, omkom. 39 born i det vesle samfunnet på vel rundt 100 personar, vart farlause. Trude Teige, kjend frå TV2, fortel om det mange som er oppvaksne på kysten sikker vil kjenne seg att i: det å vente på han far som har arbeidsplassen sin på havet. Om otten for at det skulle skje noko dramatisk - og om travle mødre som lytta til Fiskeribølgja i alt julestrevet. Astri Overaa, mellom anna kjend frå revyen S, M, XL fortel oss om nye tradisjonar og Arild Hoksnes om minne frå heimøya Gossa.
Andre gode forfattarar som er med: Berge Furre, Vidar Nupen, Finn Tokvam, Ingvild Bryn, Arild Hoksnes, Fridtjov Urdal, Einar Økland, Sylfest Lomheim, Margrethe Lerum, Selma Lønning Aarø, Alf og Thore Helland, Erna Osland, Jens Brekke, Geir Kvam, Bjørn M. Toft og Valgerd Svarstad Haugland.
- Boka byr på god vestlandsk julestemning, seier forlagsredaktør i Selja Forlag, Grethe Eithun
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no