E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
30.03.2012

God påske!

Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »

21.03.2012

Året då kvinnene tok makta

Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »

02.03.2012

Fjordamat i nytt opplag

Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Herifrå

Skriven av Katrine Sele

Fotografert av Oddleiv Apneseth

Ei alternativ reise i det moderne Sogn og Fjordane.

”Ein stad er ikkje berre ei fysisk form. Ein stad er alle dei forteljingane som heftar ved den,” seier kunstnar Morten Holmefjord, alias Fusakongen.

Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Katrine Sele bur på kvar si side av Jølstravatnet. Gjennom to år har dei reist rundt i sitt eige heimfylke, Sogn og Fjordane, for å skildre menneska, miljøa, landskapet og kulturen der med sine eigne, farga blikk. Dei har møtt moteskaparar i Stryn, cowboyar på Breim, geitebønder i Undredal og ein kinesisk nakenhund frå Førde. Dei har vore på den ytste øya i Bulandet, der ei dame bur heilt åleine med katten sin. Heile vegen har dei interessert seg for livet i ytterkantane: historiene som sjeldan blir fortalde.

 

Utgitt 2006
176 sider, innbunden


«Herifrå» er på lager
Pris: kr. 198,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Reise og kultur:

Fjærland

Vegvisar om Fjærland, eit av dei første turistmåla på Vestlandet, og framleis ein magnet for tilreisande.
Les meir

Astrup

Vegvisaren om livet og kunsten til Nikolai Astrup, om Astruptunet og om Jølster på Astrup si tid.
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no