
bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Spennande haustliste
Publisert 2. november 2011
kl. 15:16:19 av Grethe Eithun
Drama frå krigen, dikt og segner. Praktbøker og nye bøker i serien Opptur, Odins smykke og Alfred Bamse. Selja Forlag byr på ei spennande og variert haustliste for 2011.
Finn Loftesnes og Tom Dybwad
OPPTUR Nærøyfjorden
88 turar kring verdsarvfjordane
Opplev vill og vakker natur i noko av det flottaste fjordlandskap i verda, ved Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, i Flåmsdalen og Aurlandsdalen, på Fresvikbreen og Bleia. Kr 398,-
Egil Ulateig
To levende og to døde
Hva skjedde med Brenning?
Noen drama fra krigen gjør sterkere inntrykk enn andre. Denne boka handler om et slikt menneskelig drama. Her er både kjærlighet og svik, løgn og bedrag, liv og død og en gåte som ennå ikke er løst.
Stig Roger Eide og Inge Fænn
Skåla
Fjellet og folket
I 120 år har Skåla og Skålatårnet vore eit eineståande turmål, og alle som har streva seg opp Nord-Europas lengste motbakke får med seg eit minne for livet. Kr 398,-
Ove Eide og Finn Egil Eide
Huldra, draugen og fanden sjølv
Segner frå Sogn og Fjordane
Møt forførande huldrer og prestar med Svartebok, trollkjerringar og hamløyparar, gygrer og sterke menn. Og både Fanden og Vårherre har gjesta fylket. 77 segner, alle kommunar er med. Redaktør er Ove Eide. Illustrert med fargesterke kunstverk av Finn Egil Eide. Flott gåvebok! Kr 368,-
Kurt Rutledal
Alfred Bamse på sjukehus
Det starta med ei flis i poten, og enda med eit langt og lærerikt sjukehusopphald. Bli med når Alfred møter legar, sjukepleiarar, portørar, ambulansesjåførar, kokkar, terapeutar og alle dei andre som jobbar på eit sjukehus.
Bjarte Sindre
Odins smykke 1-4
Spennande romanserie frå vikingtida om Asgeir Åsason som er utan slekt og freistar finne ut kven faren er.
Torbjørn Rørvik
Årboka for Sogn og Fjordane 2010
Fyldig og rikt illustrert forteljing om livet i Sogn og Fjordane, slik lokalavisene kunne melde. Om sjukehusstrid og byjubileum, kvardagsliv og fest, fotballopera og fotballoppfykke. Fyldig statistikkdel og register.
Håvard Kleppa (red.)
Draum og tullskap
Festskrift til Rasmus Løland 150 år
I 2011 er det 150 år sidanbarnebok forfattaren Rasmus Løland vart fødd. Boka inneheld både tekstar av Løland og tekstar om forfattarskapen hans. Ti bidragsytarar, m.a. Herborg Kråkevik, Aino Basso, Ingelin Røssland og Arnt Birkedal. Ill. av Helena Ohlsson.
Reidar Storaas
Vestlandskunstnaren
Mons Breidvik
Nyutgjeving av boka om den markante vestlandskunstnaren Mons Breidvik (1881–1950), som var frå Gulen men budde i Kvam i Hardanger. Breidvik var elev av Harriet Backer og Erik Werenskiold og kollega med Bernt Tunold og Nikolai Astrup. Rikt illustrert med 100 kunstverk og 40 foto.
Siri Ingvaldsen
Gulatinget
Kulturhistorisk vegvisar for Gulatinget, både i Eivindvik og Gulatingsparken i Gulen, og om Gulatingslova i norsk historie. Gulatingslova er det eldste norske lovverk og forløparen til den moderne norske rettsstaten. Rikt illustrert.
Olav Aalen (red)
Soga om Hardfall
Britiske soldatar på Vestlandet 1967-2002
Om 35 år med vinterøvingar og 1500 britiske soldatar som fekk lære seg å gå på ski og greie seg ute under arktiske forhold, mest på Voss. Kring 30 forfattarar skriv om minna sine frå Hardfall. Her handlar det om tøffe turar i snø og kulde, om dramatiske opplevingar, og om venskap og samarbeid. Rikt illustrert. Også engelsk tekst.
Ottar Løvoll
Med katten på fanget
Dikt
Med katten på fanget inneheld 65 nyskrivne dikt om litt av kvart, både skjemt og alvor.
Gå tilbake