Selja Forlag møtte sommaren med smakfullt bokslepp og hageselskap i Jølster midt i juni. Koke- og kakebokforfattar Kari Støfringsdal inviterte gjestene til kaffe, kaker og heimelaga saft i Fjordamattunet då forlaget presenterte tre nye bøker: "Mat i det fri", "Båtar med sjel I" og "Ta kaka".
Les heile saka »
At interessa for lokale bøker framleis er stor fekk vi stadfesta på Fylkesmessa i Flora siste helga i mai.
Les heile saka »
Selja Forlag har stand på Fylkesmessa i Florø i helga 28. til 30. mai.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
I 1958 skipa bygdefolket i Balestrand eit selskap til å byggja og driva nytt kulturhus. Sidan har huset vore ein samlingsstad i bygda, som no har fått seg jubileumsbok.
Balestrand Bygdahus var innflyttingsklart til palmehelga i 1962. Bak dette kulturløftet verka mange krefter. Balestrand var inne i ein sterk nyskapingsperiode. Det var trong for nytt ungdomshus, nytt fruktlager og nysatsing for Balestrand statsrealskule. Ferjekaien blei flytta til Dragsvik i 1956. Folk i bygda måtte finna noko nytt å samla seg om. Dei fann Balestrand Bygdahus.
Forfattaren tar oss attende til slutten av 1800-talet då det norske organisasjonssamfunnet tok form. Han set hendingar i Balestrand inn i ein rikshistorisk samanheng. Boka er krydra med personlege opplevingar frå festlege tilskipingar i 1950-åra. Film var fest då straumen gjekk midt under framsyninga. Folk underheldt kvarandre. Han fortel også om særmerkte personlegdomar i heimbygda si.
Utgitt 2008
88 sider, innbunden
«Kulturhuset i bygda» er på lager
Pris: kr. 250,-
ISBN:
Legg i handlekurv
I 1901 kom den første bilen over fylkesgrensa til Sogn og Fjordane, på tur over Filefjellet. På hundre år har bilen blitt allemannseige og avgjerande for utvikl[..]
Les meir
I 1907 vart Mikal og Ole Hetle, far og son, frå Viksdalen i Sunnfjord dømde for å ha drepe naboen Henrik Hetle, trass i stor uvisse om den eigentlege dødsårsaka[..]
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no