Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 17. august 2011
kl. 11:06:30 av Anne Britt Fedøy
Det særmerkte fjellet Skåla og Skålatårnet i indre Nordfjord vert feira i ei ny bok frå Selja Forlag, skriven av Stig Roger Eide og Inge Fænn.
"Skåla representerer alt det som heile verda tenkjer på med Norge: fjord og fjell, friluftsliv og eineståande naturopplevingar," sa "motbakkemisjonæren" Christian Prestegård under boksleppet i Loen 11. august. Prestegård var ein av dei som fekk i gang Skåla Opp, motbakkeløpet som vart arrangert for tiande gong sist helg, og som er eit av dei største i landet.
"Helten" i boka om Skåla er distriktslege Hans Henrik Gerhard Klouman, som i 1890 fekk den galne ideen å byggje eit tårn av stein på toppen av Nord-Europas lengste motbakke, 1848 meter rett opp frå Loen inst i Nordfjord. Klouman fekk med seg bygdefolket og bygde hytta som med rette vert kalla "Kloumanstårnet", for utan Kloumans entusiasme og pågangsmot hadde hytta aldri blitt bygd.
Det er Bergen Turlag som eig Skålatårnet, der det er 22 sengeplassar. I våre dagar valfartar over 10 000 menneske til toppen kvart år, og alle som kjem opp får seg eit minne for livet. Boka fortel både historia om Skålatårnet, og om turane folk har hatt til topps. Motbakkeløpet Skåla Opp har fått eigen omtale, det same har utbetringa av stien til toppen, som no er ein av dei flottaste fjellstiane i landet.
Boka er spekka med flotte bilete, både nye og gamle. "Skålafotograften" Ivar Dårflot, som no er 101 år gammal, var med på boksleppet og fortalde levande om turane sine på Skåla i mellomkrigstida. Dei fleste av dei nye bileta i boka er tekne av Stig Roger Eide (57), som til dagleg er journalist i avisa Firda i Førde. Den andre forfattaren, Inge Fænn (66), er journalist i Fjordingen i Stryn.
På bilete ser vi frå venstre: Stig Roger Eide, Inge Fænn og Tore Fossen (formgjevar)
(Pressemelding 15.08.2011)
Hans Jakob Reite i NRK meiner at Selja Forlag med denne boka allereie har levert julegåva. Les bokmeldinga her:
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no