Kjøp Fjordamat på www.selja.no og få 20% rabatt!
Les heile saka »
Vi gratulerer Christer Lundberg Nes, forfattar av "SKIKOMPIS. Snøskred og trygg ferdsel" med Fjellskikkprisen 2013.
Les heile saka »
Ei stund vart det faktisk skrive Floren! Dette kan du lese meir om på side 110-111 i første bind i allmennsoga om Flora.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane er den første samlinga av kyrkjene og kyrkjekunsten i fylket. Stoffet er ordna som ei reise, der kyrkjene blir presenterte slik dei ligg etter ferdavegen.
Sogn og Fjordane har eineståande kyrkjer og kyrkjeskattar: stavkyrkjer som Urnes, Borgund og Hopperstad, steinkyrkjer som Kinn, Hove og Dale i Luster, ruinanlegget på Selja, rikt dekorerte 1600-kyrkjer, staselege trekyrkjer frå 1800-talet, og moderne arbeidskyrkjer. Frå Sogn og Fjordane stammar noko av den fremste kyrkjekunsten landet har å by på.
For kvar kyrkje er det omtale av historia om dagens bygning, om tidlegare kyrkjer på staden, om kunst og inventar og om kunsten som er på museum. Denne kunsten er presentert ved kyrkja han kom i frå. Bøkene fortel spennande historier om kva kår folk flest levde under, dei som gjennom tidene søkte til kyrkja i glede og sorg.
Bli med på kyrkjeferd gjennom eit makelaust kyrkjefylke, frå Selja ytst ved Stad, til Borgund oppunder Filefjell.
Verket har to bind: bind 1 Nordfjord og Sunnfjord, og bind 2 Sogn, og inneheld:
- omtale av 120 kyrkjer, arkitektur, kunst og inventar
- presentasjon av dei 26 kommunane
- oversiktsartiklar om arkitektur og kunst
- ca 700 foto, dei fleste i fargar
- ca 100 andre illustrasjonar: nyteikna kart, teikningar og figurar.
Utgjeven i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Utgitt 2000
304 sider, innbunden
«På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane» er på lager
Pris: kr. 248,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Denne boka er den første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881–1950), ein markant vestlandskunstnar som held på å verta gløymd.
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no