Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Baron Audun Hugleiksson Hestakorn (ca. 1245-1302) var ein av Noregs mektigaste menn på slutten av 1200-talet, då landet hadde si største utstrekning, og Bergen var hovudstad. Han var kongens høgre hand, både under Magnus Lagabøte (1263-80) og Eirik Magnusson (1280-99). Men då Håkon Magnusson vart konge i 1299, vart Audun kasta i fengsel. Etter 3 ½ år i fangeholet, vart han hengd i galgen på Nordnes i Bergen 2. desember 1302. Kva Audun var skulda for er aldri blitt oppklara.
Audun Hugleiksson kom frå Jølster, men var på morssida i slekt med kongehuset. Han var lovkyndig og må ha studert i Bologna og Paris på 1260-talet, og vart den sentrale mannen i det store lovarbeidet på 1270-talet som kong Magnus Lagabøte fekk æra for.
Audun var i 1273 kalla ”den visaste mannen” i Landslova, og i 1277 vart han baron. I 1295 forhandla han fram ein avtale med kongen av Frankrike, som berga den norske statskassa frå fallitt.
Audun Hugleiksson var også ein av landets rikaste menn, og på herresetet Hegranes i Jølster bygde han seg eit eineståande slott i stein. Mytene om Audun har levd vidare på folkemunne. Forfattarane av denne boka har granska originalkjeldene og gjev her den første samla framstillinga av livet til Audun Hugleiksson og tida han levde i, basert på ny kunnskap.
Innhald i boka om Audun Hugleiksson:
- Auduns eventyrlege liv og ublide lagnad
- Noregsveldet og Europa på 1200-talet
- Det makelause lovarbeidet under Magnus Lagabøte
- Godseigaren Audun og oversyn over gardane hans
- Slottsanlegget på Ålhus
- Avtalane med Frankrike i 1295 og andre originalkjelder
- Kring 200 foto, teikningar og kart.
Utgitt 2002
192 sider, innbunden
«Audun Hugleiksson» er utseld
ISBN:
Ingolf Arnarson er rekna som den første landsnåmsmannen på Island. Han kom frå Dalsfjordområdet i Sunnfjord til Island kring år 870. Sidan kom kanskje 10 000 in[..]
Les meir
Ingerid Ragnvaldsdotter (fødd kring 1110) var svensk prinsesse, gift fire gonger med danske og norske stormenn og spelte ei viktig rolle i den kaotiske borgarkr[..]
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no