E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
10.05.2013

Maitilbod - berre på nett

Kjøp Fjordamat på www.selja.no og få 20% rabatt!
Les heile saka »

02.04.2013

Fjellskikkprisen 2013

Vi gratulerer Christer Lundberg Nes, forfattar av "SKIKOMPIS. Snøskred og trygg ferdsel" med Fjellskikkprisen 2013.
Les heile saka »

01.03.2013

Florø eller Flora?

Ei stund vart det faktisk skrive Floren! Dette kan du lese meir om på side 110-111 i første bind i allmennsoga om Flora.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Peter Andreas Blix

I strid for vern og vekst

Skriven av Gaute Losnegård og Rolf Losnegård

PETER Andreas Blix (1831-1901) var ein av landets fremste arkitektar og ingeniørar i siste halvdel av 1800-talet, tida då det moderne Norge vart skapt. Men Blix var også ein dyktig kunstnar og ein ivrig talsmann for fortidsminnevernet, og spenninga mellom vekst og vern går som ein raud tråd gjennom livet hans.

BLIX bygde kanalar, teikna over 50 jernbanestasjonar, fleire hotell, kyrkjer og offentlege bygningar.

Han restaurerte også Håkonshallen og domkyrkja i Bergen. Mest kjend er han for at han berga Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje i Vik i Sogn frå riving, og i staden sette dei i stand. Blix var også grunnleggjar av Den Norske Ingeniør- og Arkitektforening, i dag NIF, og han stod sentralt i Fortidsminneforeininga.

DENNE boka er ein biografi utanom det vanlege. Dei to forfattarane, far og son, ein dramatikar og ein historikar, levandegjer livet til Peter Blix på kvar sin måte, den eine skjønlitterært, den andre biografisk.

Boka er rikt illustrert i fargar, m.a. med mange av dei vakre teikningane Blix let etter seg.

Boka er utgjeven i samarbeid med forlaget Skald.

 

Utgitt 2001
224 sider, innbunden


«Peter Andreas Blix» er utseld
ISBN:

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Biografi o.l:

Nikka Vonen

Nikka Vonen (1836-1933) frå Dale i Sunnfjord var ein markant kulturperson i Fjaler i nesten hundre år, og sette spor etter seg på mange felt.
Les meir

Gripen av Grønland

Ved midnatt mellom 13. og 14. juli 1927 la båten «Hird» frå land i Ålesund med seks fangstmenn ombord.
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no