Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
PETER Andreas Blix (1831-1901) var ein av landets fremste arkitektar og ingeniørar i siste halvdel av 1800-talet, tida då det moderne Norge vart skapt. Men Blix var også ein dyktig kunstnar og ein ivrig talsmann for fortidsminnevernet, og spenninga mellom vekst og vern går som ein raud tråd gjennom livet hans.
BLIX bygde kanalar, teikna over 50 jernbanestasjonar, fleire hotell, kyrkjer og offentlege bygningar.
Han restaurerte også Håkonshallen og domkyrkja i Bergen. Mest kjend er han for at han berga Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje i Vik i Sogn frå riving, og i staden sette dei i stand. Blix var også grunnleggjar av Den Norske Ingeniør- og Arkitektforening, i dag NIF, og han stod sentralt i Fortidsminneforeininga.
DENNE boka er ein biografi utanom det vanlege. Dei to forfattarane, far og son, ein dramatikar og ein historikar, levandegjer livet til Peter Blix på kvar sin måte, den eine skjønlitterært, den andre biografisk.
Boka er rikt illustrert i fargar, m.a. med mange av dei vakre teikningane Blix let etter seg.
Boka er utgjeven i samarbeid med forlaget Skald.
Utgitt 2001
224 sider, innbunden
«Peter Andreas Blix» er utseld
ISBN:
- Han vil byte ut den norske løva med ein fjordhest.
- Han meiner ein økologisk livsstil er vel så viktig som korleis maten er dyrka.
- Han får bønder og byrå[..]
Les meir
Nikka Vonen (1836-1933) frå Dale i Sunnfjord var ein markant kulturperson i Fjaler i nesten hundre år, og sette spor etter seg på mange felt.
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no