Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
JØLSTER - Hundre år med bygd og bank er langt meir enn historia om sparebanken i Jølster frå 1901 til 2001. Denne boka fortel om dei store endringane som har skjedd i næringsliv, busetnad og lokalstyring på 1900-talet.
KRING 1900 hadde nesten alle jølstringar tilknyting til landbruket, medan fleirtalet hundre år seinare er tilsette i offentleg eller privat tenesteyting. Mange pendlar ut av kommunen, dei fleste til Førde. I dag framstår Jølster som ein moderne distriktskommune, der landbruket framleis har ei sterk stilling.
SPAREBANKEN i Jølster har i heile perioden spelt ei aktiv rolle i bygdeutviklinga. Boka fortel om skipinga av banken, og gir mange forvitnelege glytt av drifta gjennom heile 1900-talet.
JØLSTER - Hundre år med bygd og bank er rikt illustrert med kring 150 nye og gamle bilete. Dei fleste av dei har ikkje tidlegare vore offentleggjorde.
DETTE ER boka for alle jølstringar og andre med tilknyting til Jølster.
Utgitt 2001
128 sider, innbunden
«Jølster» er på lager
Pris: kr. 198,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no