Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 23. oktober 2008
kl. 17:16:48 av Linda Hovland
Eventyret om Fjordamat held fram. Denne veka var det bokslepp for endå ei Fjordamat-bok, den tredje i rekka, ni år etter at den første boka kom ut. Samla har dei tre Fjordamat-bøkene eit opplag på 25.000.
Den nye Fjordamat-boka vart sleppt i det som har fått namnet Fjordamattunet, eit nytt kurssenter heime på garden til ein av forfattarane, Kari Støfringsdal i Jølster. - Eg berre måtte ha "Fjordamat" i namnet, sidan det nærmast er blitt ei merkevare, seier Kari, der ho stolt viser fram det nye bakstehuset med ein diger vedfyrt bakaromn i midten, saman med eit moderne kjøken og serveringsareal. - Og så har jo Fjordamat vore reint som eit eventyr for alle som har vore med på det, med den gode responsen vi har fått i alle desse åra, legg ho til.
Den første Fjordamat-boka frå Selja Forlag og Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag kom ut i 1999, og vart raskt ein suksess. I boka presenterte forfattarane Kari Støfringsdal og Åse Kongsvik tradisjonsmat frå Sogn og Fjordane, delikat fotografert av Oskar Andersen. Førsteopplaget vart raskt utselt, og seinare har det kome nye opplag. I 2002 kom oppfølgjaren "Alle tiders Fjordamat", og tre år seinare ei anna matbok,"Ta kaka", der også Heidi Brunstad Øyehaug var med som forfattar. - I den nye Fjordamat-boka har vi valt ut det beste frå dei andre bøkene, både når det gjeld mattradisjonar, oppskrifter og bilete.
Dette er ei meir moderne bok, både i innhald og utforming. Det er ei bok først og fremst for den oppveksande slekt, som ønskjer å ta vare på mattradisjonane. Vi håper denne boka inneheld det dei treng vite, seier Kari Støfringsdal. Fjordamat er både ei praktbok og bruksbok, og inneheld 340 oppskrifter. Det er lagt vekt på at oppskriftene er nøyaktige i mål og framgangsmåte, og at råvarene stort sett kan finnast i ein kvar butikk
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no