Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Alt tidleg på 1900-talet var Geiranger mellom dei fremste turistmåla i Noreg. Turismen skapte mange ringverknader, og folk etablerte seg med nye næringsvegar. Eit døme er den store bilparken som voks fram i Geiranger skysslag. Det fanst fleire bilar per vaksen mann inne mellom Sunnmørsalpane enn det gjorde i hovudstaden. Nokre av bilane var endåtil bygde i Geiranger.
Andre spanande kapittel i historia om Geiranger er etableringa av ein omnsfabrikk (seinare Grepa), treskjærarverkstaden til Einar Flydal og dei mange souvenirbutikkane. Pulsen som heldt det heile i gang var turistane, alt frå alminnelege reiseglade til kongelege og keisarar med eigne skip. Dei kom i flokk å følgje for å oppleve den spektakulære naturen i den vesle fjordbygda. Difor blei første halvdelen av 1900-talet tiåra då ”alt skjedde” i Geiranger.
Utgitt 2006
168 sider, innbunden
«Geiranger, Norway» er utseld
ISBN:
Kulturhistorisk vegvisar for Gulatinget. Gulatingslova er det eldste norske lovverket og forløparen til den moderne norske rettsstaten.
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no