Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 2. november 2010
kl. 10:04:14 av Grethe Eithun
Er sogningane hakkande galne, sunnfjordingane tilsvarande trege og nordfjordingane midt i mellom? Det kunne sjå slik ut under boksleppet på Nynorske Litteraturdagar i helga.
Då forfattar Jens Brekke skulle sleppe den nye boka si, Dei seie so...om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen, sist laurdag, inviterte han eit panel opp på scena. Det var sogningen, Kai Aage Pedersen, sunnfjordingen, Liv Unni Årdal og nordfjordingen, Anita Ervik Oppheim. Målet var å få stadfesta teoriane sine om korleis dei forskjellige folketypane ter seg når dei til dømes skal kjøpe pølse. Og jammen vart teroriane verifiserte på vitskapeleg vis. Nordfjordingen sa kva ho ville ha, klart, enkelt og høfleg, som den bestemte, militante typen Brekke meiner dei er, medan sogningen gjekk rett på sak og stadfesta Brekke sine påstander om at sogningen er vill og galen. Sunnfjordingen derimot var litt nølande og la inn ein ekstra "eee" før ho kom til kva ho ville ha, nett som den treige og litt usikre sunnfjordingen, som Brekke skildrar.
Det er Arnstein Mygland frå Førde som har illustrert tekstane til Jens Brekke og under boksleppet sa han at det har vore ei lita utfordring å illustrere historiane. - Dei er så levande i seg sjølve, og bileta må jo komplementera dei, seier Mygland.
Boka er å få kjøpt i bokhandelen og direkte hjå Selja Forlag.
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no