E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
30.03.2012

God påske!

Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »

21.03.2012

Året då kvinnene tok makta

Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »

02.03.2012

Fjordamat i nytt opplag

Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Byggjefesten

Historia om Hjelmelandsbrørne

Skriven av Rune Timberlid

KRING 1965 skaut utviklinga i Førde fart, og bygdebyen opplevde dei neste tiåra den mest ekspansive perioden eit lokalsamfunn i Sogn og Fjordane har opplevt.

PÅ DENNE tida stod fire bondesøner frå Gaular klar til å vere med på byggjefesten både i indre Sunnfjord og andre stader i Sogn og Fjordane.

GUNNAR, Andreas, Finn og Fritz Hjelmeland hadde etablert seg med tre entreprenørselskap som i løpet av nokre hektiske tiår gjennomførde rundt 250 store byggjeoppdrag – i tillegg til mange mindre. Krona på verket var bygginga av Sentralsjukehuset i Førde i åra 1975-79. Medan Sogn og Fjordane var prega av sjukehusstrid, skulestrid og kamp om nye arbeidsplassar, skaffa dei tre Hjelmeland-selskapa seg ein eineståande posisjon i det lokale næringslivet.

DENNE boka fortel for første gong historia om Hjelmelandskarane, som i alle sine aktive år knapt let seg intervjue av noka avis. Boka er rikt illustrert.

 

Utgitt 2001
120 sider, innbunden


«Byggjefesten» er på lager
Pris: kr. 198,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Andre bøker:

Huldra, draugen og fanden sjølv

I Huldra, draugen og fanden sjølv blir vi kjende med eit rikt utval segner frå heile Sogn og Fjordane.
Les meir

Draum og tullskap

Løland var ein pioner i barnelitteraturen. Han skreiv direkte og levande til ungane, historier som skil seg frå eventyr og bibelhistorier.
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no