Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
DET ER november 1918. Med bil tek fylkesmann Ingolf Elster Christensen seg fram på smale bygdevegar langs Gaula. Han er på veg til fossehandel i Viksdalen. Same ettermiddagen er handelen avslutta. Sogn og Fjordane fylke har sikra seg rettane til kraftutbygging i Gaularvassdraget.
MEIR ENN femti år seinare førte fylkesmannens fossehandel til ein av dei hardaste vassdragskampane i norsk historie. Berre Alta-striden overgjekk kampen om Gaula. I Alta tapte vernesida, men i Sunnfjord vann dei, og den 1. april 1993 vedtok Stortinget varig vern av Gaularvassdraget.
DENNE boka fortel om den meir enn tjue år lange vassdragskampen:
- om utbyggingsplanen frå 1972 og seinare revideringar
- om kommune- og fylkespolitikarane der fleirtalet ivra for utbygging
- om Informasjonskomiteen for Gaularvassdraget, vernegruppa som fekk 7000 medlemer
- om dei fire miljøvernministrane som var på synfaring- om det sterke engasjementet og dei kvasse orda som vart brukt på begge sider
- om dei interne dragkampane i regjeringane til både Kåre Willoch og Gro Harlem Brundtland- og om dei avgjerande hendingane som gjorde at Gaula vart varig verna.
Utgitt 2002
128 sider, innbunden
«Kampen om Gaula» er på lager
Pris: kr. 98,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Jakob Sande-selskapet er tilbake med ny årbok. Ei bok som også denne gongen lar lesarane oppdage nye sider av Sande sine dikt.
Les meir
Soga om Hardfall er boka om 35 vintrar i Vossefjella, mesteparten av åra med kring 1500 britiske soldatar og over hundre norske vernepliktige offiserar, LO-ar o[..]
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no