Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
VÅREN 1912 sit 67 år gamle Isak Rasmusson Sølvberg i Wisconsin og skriv livssoga si. Han fortel detaljert om barndom og ungdom i Stryn, utvandringa til USA i 1870 og det strevsame, men rike livet som settlar i Crawford county, Wisconsin.
HISTORIA om Isak er spennande og gripande, og den forvitnelege livssoga hans kan godt vere lagnaden til tusenvis av andre emigrantar, både frå Stryn og andre stader.
ISAK var ein av heile 2606 stryningar som utvandra gjennom vel hundre år. Dette tilsvarer meir enn halvdelen av folketalet i Stryn i år 1900. Denne boka inneheld namn og detaljopplysningar om alle utvandrarane frå Stryn. Dessutan får vi ei skildring av Stryn på 1800-talet, ein analyse av kven utvandrarane var, og ei drøfting av kvifor dei reiste til USA. Vi får høyre om den strabasiøse reisa over havet, og om korleis livet arta seg i det nye landet.
FOR ISAK var det eit dramatisk val å utvandre. Og for Stryn, som for dei fleste bygder, er det knapt noko historisk fenomen som har hatt så mykje å seie som folkevandringa over havet. Det er mest ikkje ein gard eller plass der det ikkje har utvandra folk ifrå. Og dei fleste stryningar har slekt "over there".
BOKA er rikt illustrert med kring 170 gamle og nye foto, grafiske illustrasjonar og nyteikna kart.
Utgitt 2004
240 sider, innbunden
«Langt borte, men likevel nær» er på lager
Pris: kr. 368,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no