E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
03.02.2012

Kjempetilbod: 17 Årbøker for kr 995,-

Bli abonnent på Årboka for Sogn og Fjordane og få velkomstpakke på 17 Årbøker for berre kr 995,-
Les heile saka »

31.01.2012

Beklager

Tekniske feil gjer at det ikkje er mogeleg å handle i nettbutikken.
Les heile saka »

17.01.2012

Mammut 2012

Norges største og mest kjende boksal, Mammut er i år frå 27. februar til 10. mars. Selja Forlag tilbyr desse titlane:
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Tunge tak

Historia om godstransporten i Sogn og Fjordane

Skriven av Ottar Starheim

PÅ kjøl, til fots eller på hjul. Så lenge folk har handla varer, har dei måtta frakte dei. Og dess tyngre varene har vore, dess vanskelegare har transporten vore. Den nye boka "Tunge tak" fortel historia om godstransporten i Sogn og Fjordane. Boka kjem på Selja Forlag, med den kjende NRK-mannen Ottar Starheim som forfattar.

MED "Tunge tak" har den viktige lastebilnæringa fått si historie mellom to permar. Denne næringa har vore avgjerande for moderniseringa av Sogn og Fjordane, og har opna nye marknader for fylket både austafjells og i utlandet. Men det er også ei historie som har vore prega av hard tevling og kamp om transportoppdraga med dei offentlege ruteselskapa - ikkje minst Fylkesbaatane. Opplevingane til fargerike sjåførveteranar har fått brei plass i boka.

BOKA tek også føre seg godstransporten i tida før lastebilen tok over: jektefarten, frakteskutene og kveg- og reindriftene over fjellet. Den urealistiske draumen om jernbanefylket Sogn og Fjordane vert fortalt.

Tunge tak inneheld: eit fyldig samferdsleleksikon for Sogn og Fjordane, der du kan lese om dei viktigaste hendingane innan samferdsle og transport i fylket kvart einaste år sidan 1901 år for år gjennom hundre år. Alle viktige vegopningar og andre sentrale hendingar innan samferdsla i fylket er med. Kart for kvart ti-år viser utviklinga av vegnettet i fylket.

BOKA er rikt illustrert med kring 150 gamle og nye foto, og 12 nyteikna kart.

 

Utgitt 2003
176 sider, innbunden


«Tunge tak» er på lager
Pris: kr. 198,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Historie etter 1850:

Speleferda gjennom fylket

Speleferda gjennom fylket presenterer på ein uventa måte ei reise gjennom heile Sogn og Fjordane. I 2007 var laget 90 år, og feria med å spele i alle fylkets 26[..]
Les meir

Kulturhuset i bygda

I 1958 skipa bygdefolket i Balestrand eit selskap til å byggja og driva nytt kulturhus. Sidan har huset vore ein samlingsstad i bygda, som no har fått seg jubil[..]
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no