Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
DETTE er ei bok om Sogn og Fjordane frå ei tid då Bru, Davik og Jostedal enno var eigne kommunar. Det var den gongen ferja gjekk frå Balestrand til Grinde, og Bergen var målet for dei fleste båtrutene. Enno fanst det ikkje ei gul stripe i fylket, knapt nok asfalt, og den lengste tunnelen var Allmenningsfjellet på 335 m. Fylket hadde 39 kommunar og Askvoll var større enn Førde, men folkerikast av alle var Kyrkjebø.
DET var tida før handelshusa og dei flate taka, før bustadfelta, og før bilen tok over styringa av tettstadene våre. Sogn og Fjordane på 1950-talet var enno sjarmerande umoderne. Det var ei tid som for lengst er forbi, men som likevel lever i minnet til mange i dag.
TIDA flyg inneheld kring 300 flyfoto frå alle delar av fylket, dei fleste frå 1950-talet. Alle kommunar og alle tettstader er med. Her er grundige bilettekstar med eit vell av opplysningar.
BLI med på ei flyferd gjennom Sogn og Fjordane, frå Selje i nordvest til Aurland i søraust, med den kjende NRK-mannen Ottar Starheim som reiseleiar.
Utgitt 2004
288 sider, innbunden
«Tida flyg» er utseld
ISBN:
Speleferda gjennom fylket presenterer på ein uventa måte ei reise gjennom heile Sogn og Fjordane. I 2007 var laget 90 år, og feria med å spele i alle fylkets 26[..]
Les meir
Eit utval tekstar med lokalhistorisk stoff frå Selje. Her er kloster og kyrkje, song og dans, rim og reglar, segner og eventyr, stadnamn og mykje meir.
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no