Bli abonnent på Årboka for Sogn og Fjordane og få velkomstpakke på 17 Årbøker for berre kr 995,-
Les heile saka »
Tekniske feil gjer at det ikkje er mogeleg å handle i nettbutikken.
Les heile saka »
Norges største og mest kjende boksal, Mammut er i år frå 27. februar til 10. mars. Selja Forlag tilbyr desse titlane:
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
KRIGSÅR er den første samla framstillinga av krigen i Sogn og Fjordane. Boka fortel om dramatikk og kvardagsliv i dei fem krigsåra. Slik levde dei. Slik opplevde dei vonde år som vi vonar aldri meir kjem att – men som vi aldri må gløyme!
Det kom til få store krigshandlingar i Sogn og Fjordane i dei fem åra Noreg var okkupert, med unnatak av Måløy-raidet i desember 1941. Men krigen stakk djupt i folkesjela, og knapt nokon kom umerkte frå krigsåra. Dei som viste vågemot til å reise seg mot overmakta måtte betale dyrt. Anten med livet, eller med djupe arr og usynlege seinskader som aldri vart lækte.
KRIGSÅR inneheld krigshistorie frå alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane, fordelt i 125 artiklar. Boka inneheld komplett oversyn over alle dei 296 falne frå fylket (omtale og bilete), alle dei 540 som sat i fangenskap (omtale), og alle krigsminnesmerke og krigsgraver (omtale og bilete). Boka er utstyrt med eit personregister på 2000 namn og har kring 950 illustrasjonar.
Utgitt 2005
480 sider, innbunden
«Krigsår» er på lager
Pris: kr. 448,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Dette er den utrolige historien om hvordan en uheldig ungdom fra Bergen ble kasteball i storkrigens Europa, men mot alle odds overlevde.
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no