Selja Forlag møtte sommaren med smakfullt bokslepp og hageselskap i Jølster midt i juni. Koke- og kakebokforfattar Kari Støfringsdal inviterte gjestene til kaffe, kaker og heimelaga saft i Fjordamattunet då forlaget presenterte tre nye bøker: "Mat i det fri", "Båtar med sjel I" og "Ta kaka".
Les heile saka »
At interessa for lokale bøker framleis er stor fekk vi stadfesta på Fylkesmessa i Flora siste helga i mai.
Les heile saka »
Selja Forlag har stand på Fylkesmessa i Florø i helga 28. til 30. mai.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Lepra (spedalskhet) er ein sjukdom som har råka menneska i langt over 3000 år. Sjukdomen er dødeleg og herja i deler av Norge som ein epidemi på 1800-tallet, inntil leprabasillen vart oppdaga.
Lepra vart lenge sett på som ein personleg tragedie for dei som vart råka, men i 1840-åra tok det offentlege ansvar. Det vart bygd nye sjukehus og det vart sett i gang forsking. I 1854 fekk Noreg ein eigen overlege for den spedalske sjukdomen, og i 1856 vart det oppretta eit nasjonalt register over alle spedalske i landet. Det var det første register av sitt slag i hele verda. Målet var å kartlegge, forske og forstå, og gjennom det få fjerna sjukdomen.
Det målet nådde dei! I 1873 fann bergensaren Gerhard Henrik Armauer Hansen leprabasillen og kunne ved hjelp av denne oppdaginga forklare spreiinga av sjukdomen. Tallet på nye tilfelle vart fort redusert, og sjukdomen var under kontroll! Det er dette denne boka handlar om.
Dei norske lepraarkiva kom i 2001 inn på UNESCO si liste for Verdens Hukommelse, ein honnør til den norske innsatsen for å finne ut av denne sjukdommen, som framleis råkar millionar av menneske.
Boka er gjeve ut både på norsk (bokmål) og engelsk, i samarbeid med Lepraarkivene i Bergen. ISBN engelsk utgåve er 9788291722627
Utgitt 2006
96 sider, innbunden
«Lepra» er på lager
Pris: kr. 198,-
ISBN:
Legg i handlekurv
VÅREN 1912 sit 67 år gamle Isak Rasmusson Sølvberg i Wisconsin og skriv livssoga si. Han fortel detaljert om barndom og ungdom i Stryn, utvandringa til USA i 18[..]
Les meir
Dette er ei bok om utgrupper i bygd og by på Vestlandet gjennom 250 år, om dei som ikkje kunne eller ikkje ville syte for seg sjølve.
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no