Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
I 1907 vart Mikal og Ole Hetle, far og son, frå Viksdalen i Sunnfjord dømde for å ha drepe naboen Henrik Hetle, trass i stor uvisse om den eigentlege dødsårsaka, og trass i at to statsadvokatar først hadde gått inn for å leggje bort saka. Men bygda kokte av mistankar og rykte, og to dokterar og ein professor konkluderte med at det måtte ha skjedd eit drap. Mikal og Ole laut sone i sju år.
Kampen for frikjenning tok til straks dei vart dømde, men skulle verte årelang. Forfattarar, dokterar, juristar, journalistar mange andre engasjerte seg. Først under andre verdskrigen kom saka opp att, og Mikal og Ole vart frikjende. Mikal hadde då vore død i 12 år.
Hetlesaka inneheld alle ingrediensane i ei kriminalhistorie, utan den viktigaste: sjølve mordet. Men Hetlesaka er forteljinga om eit anna mord – justismordet, eit av dei verste i Norgeshistoria.
Utgitt 2006
136 sider, innbunden
«Død og pine» er på lager
Pris: kr. 248,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Dalsfjordbrua, Fatlaberget, Lærdalstunnelen, Rallarvegen, Naustdaltunnelen og Nordsjøportvegen. I denne praktboka finn du alt frå korleis dei første vegane vart[..]
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no