E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
11.06.2010

Smakfullt bokslepp på Selja Forlag

Selja Forlag møtte sommaren med smakfullt bokslepp og hageselskap i Jølster midt i juni. Koke- og kakebokforfattar Kari Støfringsdal inviterte gjestene til kaffe, kaker og heimelaga saft i Fjordamattunet då forlaget presenterte tre nye bøker: "Mat i det fri", "Båtar med sjel I" og "Ta kaka".
Les heile saka »

09.06.2010

Stor interesse for lokale bøker

At interessa for lokale bøker framleis er stor fekk vi stadfesta på Fylkesmessa i Flora siste helga i mai.
Les heile saka »

28.05.2010

Selja Forlag på Fylkesmessa

Selja Forlag har stand på Fylkesmessa i Florø i helga 28. til 30. mai.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Fangebrev

Stutthof-fangen Olav Skjerven

Skriven av Jens Brekke

FANGEBREV er ikkje ei bok om krigen, men om korleis krigen var for Sonderlagerfange 200, Olav Skjerven (1918-2008) frå Vik i Sogn. Han var ein av dei mange politimenn som vart arresterte 16. august 1943 og sende til den tyske konsentrasjonsleiren Stutthof ved Gdansk i Polen.

Under fangenskapet fekk Olav både skriva og motta brev, sjølv om dei alle var sterkt sensurerte. Breva med livsteikn heimefrå gav håp om at han skulle overleva, dei var så god trøyst at han aldri la dei frå seg. Dagen då leiren vart frigjort, 3. mai 1945, hadde han magetyfus, vog 50 kg og hadde feber på over 41 gr. Han var sikker på at han skulle døy, men greidde som ved eit under å få med seg alle breva heim. Den 9. juni 1945 sto han igjen i tunet på høgdegarden Ovrid i Vik.

Gjennom 1 år og 9 månaders fangenskap sende Olav sjølv 14 brev, og han fekk 74 brev heimafrå. Desse 88 breva gjev ein eineståande dokumentasjon om kva kontakt ein krigsfange kunne ha med slekt og vener heime. Mykje vart fortald, men endå meir stod mellom linjene.

FANGEBREV kom ut to månader etter at Olav Skjerven fylte 90 år, og fire månader før han døydde.

Boka inngår i dokumentarserien selja.dok frå Selja Forlag.

 

Utgitt 2008
104 sider, innbunden


«Fangebrev» er på lager
Pris: kr. 98,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Krigen:

Fransk flyktning

Denne boka er Gerd de Mautorts personlige fortelling fra krigen, da hun og to små barn måtte rømme fra Bergen og havnet i Eksingedalen. Der ble de værende til k[..]
Les meir

Krigsår

KRIGSÅR er den første samla framstillinga av krigen i Sogn og Fjordane. Boka fortel om dramatikk og kvardagsliv i dei fem krigsåra. Slik levde dei. Slik opplevd[..]
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no