Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
DET seiest at skal ein skrive lokal kysthistorie, må ein starte med historia om båtane til kystfolket. Kanskje det, for gamle båthistorier fortel om ei tid og eit levesett som berre er nokre ti-år borte, men likevel er så fjernt frå våre dagars overflodssamfunn at ein stundom må lure på om utviklinga har gått litt for fort.
DENNE boka handlar om 78 slike gamle båtar, alle heimehøyrande i Sogn og Fjordane, båtar som våre forfedre bestemt hevda var mykje meir enn berre eit tomt skal. Båtane var akkurat som mennesket: dei hadde sjel.
HER FINN du historia om seglskuter, dampbåtar og motorbåtar, frå "Havsulen", bygd før 1860, til "Frøyabuen" bygd i 1958. Her er fiskebåtar og fraktebåtar, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Tretten av båtane finst framleis, den eldste er "Fix" frå 1873.
Det båtane har til felles er at alle har hatt heimehamn i Sogn og Fjordane, frå Måløy og Bremanger i nord, til Gulen og Solund i sør, med eit tyngdepunkt i kystbyen Florø.
"Båtar med sjel" inneheld:
- omtale av kvar einskild båt og dei som har arbeidd ombord
- skildringar av livet ombord, kvardagsliv og dramatiske hendingar
- faktaopplysningar om kvar båt
- eit eineståande biletmateriale med over 150 gamle foto.
Utgitt 2002
192 sider, innbunden
«Båtar med sjel» er utseld
ISBN:
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no