Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
”DET ER turbulent. Det er mektig. Det er verdas største kontinent. Det rommar både India, Kina, Tibet og Russland. Følgjer vi sola vestover landar vi i Europa. Reiser vi vidare mot dei nordvestre utpostane på dette største av alle kontinent, så heiter stadane Stad, Kråkenes og Bremangerlandet”.
SLIK OPNAR boka om den dramatiske randsona mellom hav og land like sør for Stad, og korleis folket her lever.
Gjennom praktfulle foto og små portrett av eit 40-tals personar, får vi eit nært og levande bilete av folk og landskap i eit av dei mest dramatiske og mest kjende områda på Norskekysten.
REISA tek til i Kalvåg på Bremangerlandet, stoppar ved Nordfjorden, i Måløy og elles på Vågsøya, kryssar Sildegapet til Selje før vi endar ytst på Stad, halvøya som er som ein knytneve mot storhavet og som alle nordmenn kjenner frå kvar einaste vêrmelding.
Utgitt 2001
200 sider, innbunden
«Havlandet» er utseld
ISBN:
2. desember starta Nordre Bergenhus Amt med dampskipsrutefart. Dette var eit pionértiltak i norsk samferdslehistorie og opptakten til Fylkesbaatane i Sogn og Fj[..]
Les meir
DETTE ER historia om det omfattande nettverket av stoppestader og kaier som gjennom 140 år har knytt folk langs fjord og kyst i Sogn og Fjordane til omverda.
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no