Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
"Sjøhelt", "Høvding" og "Fiskebas". Staute namn på båtar som hadde staute karar om bord. Dei var om bord på båtar med namn og båtar med sjel! Dei var fiskarar og sjøfolk som, slik det heiter i salmen, berre hadde "ei fjøl mellom seg og si grav".
Denne boka er oppfølgjaren av boka Båtar med sjel, som kom ut på Selja Forlag i 2002. Den gongen fortalde Malvin Toft om 78 fiske- og fraktebåtar frå Sogn og Fjordane. No har han fått med seg fire andre skribentar. Dei fortel om fleire fiske- og fraktebåtar frå heile kysten av Sogn og Fjordane, både fiskebåtar og frakteskuter, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Her er seglskuter, dampbåtar og motorbåtar, som høyrde heime frå Selje i nord til Gulen i sør. Nokre av dei er framleis i fart.
Båtar med sjel II inneheld
- omtale av kvar enkelt båt og dei som arbeidde om bord
- skildringar av livet om bord, kvardagsliv og dramatiske hendingar
- faktaopplysningar om kvar båt
- eit eineståande biletmateriale med kring 200 foto.
Utgitt 2007
185 sider, innbunden
«Båtar med sjel II» er på lager
Pris: kr. 348,-
ISBN:
Legg i handlekurv
”Storm ved Stad” melder meteorologane oftare enn nokon annan stad langs norskekysten. Kven du enn spør, så har alle høyrt om ”storm ved Stad”. Dette er boka om[..]
Les meir
Elling Ulvestad (1890-1978) fra Syvde på Sunnmøre var i 45 år fyrarbeider, fyrformann og oppsynsmann i Fyrvesenet.
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no