Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 15. oktober 2009
kl. 14:38:17 av Anne Britt Fedøy
30. oktober til 1. november inviterar Aurland kommune til ei sprudlande og spenstig kulturhelg.
Nynorske Litteraturdagar set fokus på bruk av nynorsk og dialekt, og i år kan dei freiste med kulturelle godbitar frå Linda Eide, Oddvar Torsheim, Finn Tokvam og mange fleire! Det vert bokbad med fleire kjende og mindre kjende forfattarar, barne- og familiearrangement med Geirr Lystrup, teikneserieverkstad, seminar om lokalhistorie og slektsforsking, lyrikk, konsertar og ein stor dose med humor!
I år arrangerer dei også eit miniseminar om lokalhistorie og slektsforsking. Her er Selja forlag representert med Årboka for Sogn og Fjordane og På trykk – Avisene i Sogn og Fjordane 1874 – 2009, av forfattar Terje Eggum.
Sjå fullstendig program på www.nynorskelitteraturdagar.no
Vel møtt til ei flott kulturhelg i Aurland!
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no