Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 13. oktober 2009
kl. 12:27:03 av Anne Britt Fedøy
900 nynorske barnebøker delt ut på ti dagar!
På mindre enn to veker har 900 born, foreldre og besteforeldre vore innom Førde Libris og henta seg gratis bok.
- Dette har vore ein kjempesuksess, ler bokhandlar Liv Unni Kvamme, om samarbeidsprosjektet mellom Førde Libris, Førde Mållag og Selja forlag om å gje ut gratis nynorske barnebøker.
At utdelinga fall saman med haustferien gjer at born frå mange delar av landet har teke turen innom bokhandelen.
- Ungane har stått lenge og vurdert kva bok dei skulle velje, og ein liten kar var heilt fortvila fordi han ikkje fekk betale for boka si, fortel Kvamme.
Både ho og Solbjørg Holme (t.h) synest det har vore kjekt å kunne tilby born ei gratis nynorsk barnebok, og også at heile tre av bøkene er skrivne av forfattarar i Sogn og Fjordane.
- No har vi berre to av titlane att, og bunkane minkar fort. Dersom det er nokon som har lyst på si eiga bok, så bør dei skunde seg, avsluttar Liv Unni Kvamme.
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no