E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
03.02.2012

Kjempetilbod: 17 Årbøker for kr 995,-

Bli abonnent på Årboka for Sogn og Fjordane og få velkomstpakke på 17 Årbøker for berre kr 995,-
Les heile saka »

31.01.2012

Beklager

Tekniske feil gjer at det ikkje er mogeleg å handle i nettbutikken.
Les heile saka »

17.01.2012

Mammut 2012

Norges største og mest kjende boksal, Mammut er i år frå 27. februar til 10. mars. Selja Forlag tilbyr desse titlane:
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Riddarane av Losna

Skriven av Berit Gjerland, Gaute Losnegård og Rolf Losnegård

Dei tre framståande adelsmennene Erlend Filippusson (1330/40-1407), sonen Eindride Erlendsson (ca. 1360-1440) og sonesonen Erlend Eindridesson (ca. 1400-1452) var mellom dei mektigaste og rikaste i landet i tida 1350-1450. Setegarden låg på den vesle øya Losna i ytre Sogn, men sine høge, kongelege embete hadde dei i Bergen, Oslo og Tønsberg.

Riddar Eindride var dronning Margretes fremste mann, og var mellom dei som signerte Kalmarunionen i 1397, medan sonen Erlend var nær ved å bli drottsete ("statsminister") i 1439. Kven var dei eigentleg, korleis levde dei, og korleis nådde dei så langt, i ei tid då landet vart herja av pestepidemiar, og Noreg gjekk til grunne som eige kongerike?

Denne boka er ein uvanleg biografi. Ein historikar, ein arkeolog og ein dramatikar levandgjer på kvar sine måtar ei svært uvanleg, spennande, og til no i stor grad ukjend historie. For første gong ligg det føre ei samla framstilling av historia om "Riddarane av Losna".

Rikt illustrert med kring 150 foto, teikningar og kart.

 

Utgitt 2002
208 sider, innbunden


«Riddarane av Losna» er på lager
Pris: kr. 198,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Historie før 1850:

Ingólfr

Ingolf Arnarson er rekna som den første landsnåmsmannen på Island. Han kom frå Dalsfjordområdet i Sunnfjord til Island kring år 870. Sidan kom kanskje 10 000 in[..]
Les meir

Dronning Ingerid og bisp Nikolas

Ingerid Ragnvaldsdotter (fødd kring 1110) var svensk prinsesse, gift fire gonger med danske og norske stormenn og spelte ei viktig rolle i den kaotiske borgarkr[..]
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no