Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 9. oktober 2009
kl. 12:01:39 av Anne Britt Fedøy
Selja Forlag har fått anbodet på å gje ut historieverket for Flora kommune i konkurranse med tre andre.
Onsdag 30. september vart avtalen underskriven i Florø, av rådmann Terje Heggheim (t.v) og forleggjar Torkjell Djupedal.
Historieverket omfattar to bind. Bind 1 i Flora-soga skal vere i handelen hausten 2012, og gjeld perioden fram til 1860 då byen vart grunnlagt. Bind 2 skal fortelje historia om kommunen frå 1860 og fram til i dag. Arbeidet med historieverket kjem då i gang før byen går inn i jubileumsåret 2010, då det er 150 år sidan Florø vart grunnlagt.
Forfattar er Gaute Losnegård frå Askvoll, som for tida avsluttar arbeidet med bygdebok for Askvoll. Han har tidlegare skrive Bygdebok for Jondal i 3 bind, også på Selja Forlag. Forlaget har tidlegare laga bygdebøker også for Bremanger (4 bind), Meland (3 bind) og Aurland (1 bind). Losnegård har tidlegare skrive fleire andre bøker for Selja Forlag, "Ingòlfr", "Riddarane av Losna", "Død og pine" og "Peter Andreas Blix".
Oppdraget med historieverket vart lyst ut som offentleg anbod, og kommunen hadde forhandlingar med fire tilbydarar.- Selja Forlag hadde det beste tilbodet, og vi er sikre på at dei vil gjere ein god jobb, seier rådmann Terje Heggheim, som sjølv er svært historieinteressert.
Sjølv om kommunen førebels berre har finansiering på bind 1, er han trygg på at bind 2 også kjem etter planen.- Dette skal vi greie. Vi treng eit skikkeleg historieverk. Flora har vore ein kvit flekk på kartet i den forstand at vi aldri har hatt eit fullverdig sogeverk om kommunen. Eigentleg skulle det vore klart til byjubileet neste år, men vi er no i det minste i gang før jubileet startar, seier Terje Heggheim.
Avtalen mellom Flora kommune og Selja forlag gjeld første bind, med opsjon på andre bind, og avtalen er verd vel to millionar kroner. Det er den største einskildavtalen forlaget nokonsinne har inngått.
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no