E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
30.03.2012

God påske!

Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »

21.03.2012

Året då kvinnene tok makta

Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »

02.03.2012

Fjordamat i nytt opplag

Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Fattigfolk

i Bergens stift 1755-2005

Skriven av Yngve Nedrebø

Dette er ei bok om utgrupper i bygd og by på Vestlandet gjennom 250 år, om dei som ikkje kunne eller ikkje ville syte for seg sjølve.

Dei verdige fattige var dei som ikkje kunne syte for seg sjølve: fattige born, dei vanføre eller kronisk sjuke og dei gamle. Dei som ikkje ville var uverdige og farlege: landstrykarane, dei arbeidssky, drukkenboltane, dei kriminelle og dei prostituerte.

Lovverket gav reglar og rammer for korleis fattigfolk skulle handterast. Langt tilbake var det ætta sitt ansvar. Den som ikkje hadde ætt, var ille ute. Trellar som kom i armod skulle ein grave grav til, og la dei døy. Kristendommen kom til landet og gav dei fattige rettar og kravde meir human behandling.

I 1755 tok det offentlege ansvar og Kongen gav ei forordning for korleis fattigvesenet i Bergens stift skulle ordnast. Det skulle verte slutt på tigginga, dei arbeidsføre skulle setjast i arbeid, om naudsynt med tvang. Kvart sokn skulle syte for sine og ha fattigkommisjon og fattigkasse. Dei verdige skulle få hjelp.

Boka fortel bakgrunnen for fattigforordninga, om korleis det gjekk med innføringa av denne, om kjeldene og korleis samfunnet leita etter løysingar for handteringa av fantane, drankarane og resten av dei ”uverdige” fattige.

 

Utgitt 2005
160 sider, innbunden


«Fattigfolk» er på lager
Pris: kr. 98,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Historie etter 1850:

Død og pine

I 1907 vart Mikal og Ole Hetle, far og son, frå Viksdalen i Sunnfjord dømde for å ha drepe naboen Henrik Hetle, trass i stor uvisse om den eigentlege dødsårsaka[..]
Les meir

Jakob Sande 2008

Jakob Sande-selskapet er tilbake med ny årbok. Ei bok som også denne gongen lar lesarane oppdage nye sider av Sande sine dikt.
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no