Selja Forlag møtte sommaren med smakfullt bokslepp og hageselskap i Jølster midt i juni. Koke- og kakebokforfattar Kari Støfringsdal inviterte gjestene til kaffe, kaker og heimelaga saft i Fjordamattunet då forlaget presenterte tre nye bøker: "Mat i det fri", "Båtar med sjel I" og "Ta kaka".
Les heile saka »
At interessa for lokale bøker framleis er stor fekk vi stadfesta på Fylkesmessa i Flora siste helga i mai.
Les heile saka »
Selja Forlag har stand på Fylkesmessa i Florø i helga 28. til 30. mai.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Ingolf Arnarson er rekna som den første landsnåmsmannen på Island. Han kom frå Dalsfjordområdet i Sunnfjord til Island kring år 870. Sidan kom kanskje 10 000 innvandrar til, dei fleste nordmenn, og grunnla ein nasjon som i stor grad var prega av det norske opphavet.
Denne boka fortel den felles historia Noreg og Island har, frå landnåmstida og fram gjennom mellomalderen til nyare tid. Utvandrarane kom i hovudsak frå norskekysten, med Vestlandet som eit tyngdepunkt. Boka fortel om norsk vikingtid, om vikingskipa og ferda over havet, og om busetjing og organisering av eit nytt samfunn på Island. Det er ei fascinerande, spennande og eineståande historie: I nyare historisk tid har ikkje eit så stort, folketomt landområde blitt busett og teke i bruk med det resultat at ein nasjon og eit samfunn vart oppretta. Ikkje noko land i verda kan vise til liknande opphav som Island.
INGOLFR inngår i ein serie med mellomalderhistorie på Selja Forlag. Tidlegare er utkome ”Audun Hugleiksson” 2002 og ”Riddarane av Losna” 2003. Alle bøkene i serien er rikt illustrerte, og inneheld det siste som er kome fram av materiale og forsking på området.
Utgitt 2005
256 sider, innbunden
«Ingólfr» er på lager
Pris: kr. 198,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Dei tre framståande adelsmennene Erlend Filippusson (1330/40-1407), sonen Eindride Erlendsson (ca. 1360-1440) og sonesonen Erlend Eindridesson (ca. 1400-1452) v[..]
Les meir
Ingerid Ragnvaldsdotter (fødd kring 1110) var svensk prinsesse, gift fire gonger med danske og norske stormenn og spelte ei viktig rolle i den kaotiske borgarkr[..]
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no