E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
30.03.2012

God påske!

Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »

21.03.2012

Året då kvinnene tok makta

Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »

02.03.2012

Fjordamat i nytt opplag

Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Selja

Skriven av Torkjell Djupedal

Ingen kjem til Selja utan å undre seg. Og ingen reiser derifrå urørd. På den vesle øya like sør for Stad ligg eit makelaust ruinanlegg i eit makelaust landskap.

Alt i år 996 vart Selja den første helgenstad i landet, knytt til St. Sunniva. Kring 1068 vart Selja eit av dei tre første bispesete i landet, saman med Oslo og Nidaros. Og kring år 1100 fekk Selja eit av dei første kloster i landet, vigd til St. Albanus.

Ruinanlegget på Selja er det største i landet. Klostertårnet står att i full høgde i klosterfirkanten, der murane for det meste er 2-3 meter høge. Oppe i fjellsida, bak klosterlanlegget, ligg helgenanlegget med store terrassar framfor Sunnivahola.

Vegvisaren fortel historia om Selja, om St. Sunniva, legenda og pilegrimsfarten og tek deg med på vandring i ruinanlegget. Rikt illustrert med foto, teikningar og kart.

Denne vegvisaren er ein oppdatert kortversjon av "Selja - kulturhistorisk handbok", som kom ut i 1996.

I serien "Selja reise og kultur".

 

Utgitt 2006
30 sider, hefta


«Selja» er på lager
Pris: kr. 98,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Reise og kultur:

Astrup

Vegvisaren om livet og kunsten til Nikolai Astrup, om Astruptunet og om Jølster på Astrup si tid.
Les meir

Førde

BLI MED på ei kulturhistorisk og geografisk vandring gjennom Førde, fylkessentret i Sogn og Fjordane. Førde har ei lang og spennande historie, med handel og fer[..]
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no