Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 29. september 2009
kl. 13:17:15 av Anne Britt Fedøy
Saman med Førde Mållag og Førde Libris skal Selja Forlag dele ut 1100 gratis nynorske barne- og ungdomsbøker.
PRESSEMELDING
Førde Mållag, Selja Forlag og Førde Libris har i samarbeid bestemt seg for å ta eit krafttak for å hjelpe born å lese meir. Vi meiner det er viktig at så mange born som muleg skal ha si eiga nynorske barnebok.
Nynorske barnebøker er i stort mindretal når det gjeld utgjevingar av skjønnlitteratur for born. For born som skal lære seg å lese er det ein stor fordel å få lese på det språket som er naturleg for dei.
Førde Mållag satsar på å få born til å bli glade i bøker på nynorsk heilt frå dei er små, og å hjelpe dei til å bli stolte av det nynorske språket.
Frå torsdag 1. oktober vil alle barn mellom 0 og 16 år få ei gratis nynorsk bok hos Førde Libris. Dei kan velje mellom fire utvalde barne- og ungdomsbøker frå Selja Forlag, som passar til ulike aldersgrupper.
Fredag 2. oktober klokka 10.00 har vi invitert heile 4. klasse ved Førde barneskule til Førde Libris. Då vil vi markere nynorske barnebøker og fortelje litt om korleis bøker blir laga. Det vert ei lita kosestund der borna får bok, bollar og saft, og kanskje kjem ein forfattar på besøk…
Beste helsing
Førde Mållag Selja Forlag Førde Libris
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no