Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 18. september 2009
kl. 15:13:02 av Anne Britt Fedøy
Vi har bøker både til friluftselskarar og bilistar.
Tips til nye fotturar finn du i Opptur Sogn og Fjordane, Opptur Hordaland og Opptur Geirangerfjorden. Tilsaman inneheld desse bøkene 636 fotturar med ulik vanskegrad. Alle turane er godt forklarte og teikna inn på flyfoto.
Lurer du på kor tid og korleis vegen du køyrer vart bygd, så finn du ganske sikkert svaret i På god veg, som tek for seg veghistoria i Sogn og Fjordane dei siste 200 åra. Boka er rikt illustrert med kart og bilete.
Å stå i ferjekø og å reise med ferje kan vere både eit mareritt og ei glede. Les om utviklinga i transportilbodet i Frå dampskip til gassferjer. Denne boka fortel historia om ferjefarten og båtrutene i Sogn og Fjordane, der sjøen har vore den viktigaste ferdslesåra heilt fram til i dag.
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no