Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 28. august 2009
kl. 10:27:05 av Anne Britt Fedøy
Kva med å prøve epler i karamellsaus eller heimelaga molteiskrem?
Lurer du på korleis du kan lage natronkaker, bryggje sukkerøl eller lage spekepølse av hjort?
Svara finn du i Fjordamat , kokeboka for alle med interesse for mat og matskikkar på Vestlandet. Den er laga av Kari Støfringsdal og Åse Kongsvik og inneheld 340 oppskrifter krydra med over 270 appetittvekkjande bilete frå alle kommunane i fylket. Her er finn du oppskrifter på alt frå graut og flatbrød, via kjøt- og fiskerettar til dei flottaste dessertar.
Kanskje du kan overraske familien med å servere velsmakande "Sundkarva" (Bygstad) eller "Spekesildpudding" (Selje) til middag i dag?
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no