Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 12. august 2009
kl. 14:54:31 av Anne Britt Fedøy
Sjur Espeland frå Rosendal og Stongfjorden fall ti meter ned. Dei trudde han var daud og plasserte han på likhuset.
Dagen etter skulle ei ung sjukesøster innom likhuset eit ærend. Då letta "liket" litt på lakenet, slo opp augo, og spurte om dei ikkje snart skulle gjere noko med han...
19 år gamle Audun Sunde frå Askrova overlevde 14 iskalde døgn på ein flåte etter at M/T "Stigstad" vart treft av tyske ubåt-torpedoar.
Meir om Sjur og Audun kan du lese om i "Krigsgseglarar" av Malvin Toft med fleire. Boka inneheld dei dramatiske historiene til 38 norske krigsseglarar, som tenestegjorde både i marinen og handelsflåten.
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no