E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
30.03.2012

God påske!

Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »

21.03.2012

Året då kvinnene tok makta

Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »

02.03.2012

Fjordamat i nytt opplag

Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Fante-Nils

og forteljingane Treskilling og Hjelpelaus

Skriven av Jens Brekke

Fotografert av Anette Eriksson Linander

”Då kasta eg meg ned, gret og tuta og tuta og gret. Dei trudde eg var galen, dei som stod rundt. Dei såg ikkje korleis det var barnet i meg som låg sundbrote og hiksta utanfor si eiga stengde dør.”

Desse linene er henta frå ”Fante-Nils”, ei forteljing om venskap, om hovmod, anger og dårleg samvit. I forteljingane ”Treskilling” og ”Hjelpelaus” skildrar Sivle kjærleik og mistru, havesykje og omsut, hjelpeløyse og samhald på ein måte som får kvar streng i sjela til å dirre. Felles for alle forteljingane er at dei handlar om dei store kjenslene og tankane eit barnesinn kan romme, og stemningane går rett i margen på oss.

Tekstane til Sivle er ein litterær kulturarv born som veks opp i dag også bør få del i. Dei tre forteljingane vart første gong trykte i "Sogor" i 1887, og kjem her i ny utgåve for born, litt innkorta og omskrivne av Jens Brekke. Illustrasjonane til Anette Eriksson Linander er nylaga til boka.

 

Utgitt 2006
64 sider, innbunden


«Fante-Nils» er på lager
Pris: kr. 98,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Barn/ungdom:

Hemnaren

På Flukt over havet. Året er 874. Torstein (14) og trælejenta Skaima (13) er på flukt.
Les meir

Den svarte audien

- GUTANE på Øyra sat der, dei. Fem gutar på fem syklar. Alle sat på same måten. Venstre fot i bakken, høgre fot på høgre pedal. Eg stod i midten. Eg hadde ikkje[..]
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no