Bli abonnent på Årboka for Sogn og Fjordane og få velkomstpakke på 17 Årbøker for berre kr 995,-
Les heile saka »
Tekniske feil gjer at det ikkje er mogeleg å handle i nettbutikken.
Les heile saka »
Norges største og mest kjende boksal, Mammut er i år frå 27. februar til 10. mars. Selja Forlag tilbyr desse titlane:
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
BOKA Dampen og kaia (1998) fortalde historia om 234 stoppestader som Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane har hatt og har i kvar einaste fjordarm i heile fylket. 101 fjordabåtar er oppfølgjaren, som fortel historia om kvar av dei 101 båtane som har gått i rutefart sidan Fylkesbaatane vart skipa i 1858.
DETTE er fartøya som opna verda for sogningar og fjordingar, men som også opna Sogn og Fjordane for turistar frå heile verda. Det er historia om båt nr 1 og 2, Framnæs og Fjalir, dampskipa som kvar gjekk nesten 100 år i rutefart, og fram til båt nr 101, Fjordglytt, som vart sett inn i lokaltrafikken rundt Florø sommaren 2000. 101 fjordabåtar er boka for alle som er glade i båtar med sjel.
101 fjordabåtar har:
- omtale av kvar einaste fjordabåt: dampskipa, motorbåtane, ferjene og snøggbåtane
- skildringar av livet om bord: mannskap og passasjerar, kvardagsliv og dramatiske hendingar
- faktaopplysningar av alle båtane, med teikningar, tekniske mål, eigarhistorie m.m.
- eit eineståande biletmateriale, med nærare 500 nye og gamle foto, kart, båtteikningar og andre illustrasjonar.
Utgitt 2000
304 sider, innbunden
«101 fjordabåtar» er utseld
ISBN:
"Sjøhelt", "Høvding" og "Fiskebas". Staute namn på båtar som hadde staute karar om bord. Dei var om bord på båtar med namn og båtar med sjel! Dei var fiskarar o[..]
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no