E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
30.03.2012

God påske!

Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »

21.03.2012

Året då kvinnene tok makta

Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »

02.03.2012

Fjordamat i nytt opplag

Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Salte dikt frå Jon Tolaas

Publisert 8. april 2009
kl. 11:23:57 av Linda Hovland

Det er mykje saltvatn i desse dikta. Eg trur dei er mykje prega av havet, av oppveksten min på kysten av Vestlandet. Her er mange sterke landskap, mange sterke menneske. Difor heiter boka " Dønningar", det er rytmen i livet for folk på kysten

Det var ein opplagt og slagferdig forfattar Jon Tolaas (69) som presenterte den siste boka si, "Dønningar", under boksleppet på Nordfjordeid denne veka. Sjølv om han har vore mykje plaga med sjukdom, har han makta å gjere ferdig ei særmerkt og sterk diktsamling med 47 dikt.  

Jon Tolaas er ein av dei store diktarane frå Vestlandet, og denne vesle boka er ei stor bok. Sjølv om dei har ulik måte å uttrykke seg på, har Tolaas mykje felles med Jakob Sande, mellom anna ein djup og ekte solidaritet med vanlege folk, med folk litt utanfor allfarveg, sa litteraturkjennar og Sande-biograf Ove Eide under boksleppet. Eide har skrive eit fyldig etterord i boka, der han går gjennom Tolaas sin forfattarskap gjennom over 40 år, av desse tolv skjønnlitterære bøker. I tillegg har Tolaas skrive mange faglitterære bøker, særleg om draumar og draumeforsking.

Jon Tolaas, fødd i Måløy, busett på Nordfjordeid, har i det sivile liv vore lektor på Eid vidaregåande skule. "Dønningar" kjem ut på Selja Forlag og spenner vidt, frå dei 22 dikta i ”Kråkenessuiten” som fangar inn eit landskap og eit folk, til enkeltdikt som speglar mennesket som ledd i større ikkje-religiøse samanhengar. Tekstane hans er freistnader på å finne ut litt meir om kva det vil seie å vere menneske – i Tolaas si særeigne blanding av alvor og skjemt, vakkert og ureint, lyrisk og direkte.

I dikta og novellene er det vakre og det ureine blanda på særmerkt vis, i eit spennande mangfald. ”Eg er ein mann som talar med mange tunger”, har han sagt om seg sjølv. Og dette er kanskje den beste karakteristikken av forfattarskapen: alltid overraskande, men alltid med auge for det vakre i det menneskelege.

Gå tilbake

 
 

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no