Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 26. mars 2009
kl. 15:32:44 av Linda Hovland
"Eg hadde ein sorgreaksjon i fjor, då det såg ut som årboka ikkje lenger skulle komme ut. Eg er desto meir glad i dag for at Selja Forlag fører tradisjonen med årboka vidare" sa Fylkesordførar Nils R Sandal, då han trekte vekk duken som dekka stabelen av nye årbøker.
Sandal " avduka" den nye Årboka for Sogn og Fjordane under boksleppet i Førde onsdag.
Årboka for Sogn og Fjordane har sidan 1993 kome ut på Alden Forlag, men frå 2008-årgangen er det Selja Forlag som har ansvaret. Boka kjem ut i samarbeid med avisene og journalistane i fylket, og speglar store og små hendingar i løpet av eit heilt år. Nytt av året er at årboka inneheld ein fyldig faktadel, med statistikk og sportsresultat for året som har gått, og eit register på 1200 namn.
"Eg håper og trur mange vil finne noko av interesse i boka. Det har vore eit kjekt arbeid," sa redaktør av boka, Helga Didrikke Sundal, som til dagleg er journalist i Fjordabladet på Nordfjordeid. Ho har henta stoff og bilete frå alle avisene i fylket. "Her er både Terra-skandale og Vest Tank-ulukka i Sløvåg, Tall Ships Race i Måløy og bakrusen etterpå. Her er både sorger og gleder, kranglar og vennskap. Men det er først og fremst ei bok for alle som er glade i Sogn og Fjordane," sa Sundal. Årboka for 2008, den 16. i rekka, har same format og omfang som dei tidlegare bøkene, over 400 foto og stoff frå alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane.
"Vi som laga dei 15 tidlegare årgangane er glade for at årboka lever vidare og fornyar seg, då er det utvikling. Dette er ei bok å bla i, og ei bok å bli glad i" sa Henning Rivedal og Atle Hellevik frå Alden Forlag. Det var dei som i 1993 fann på idéen om ei årbok direkte i postkassene til folk i fylket. Vel 2000 abonnentar har no godt lesestoff i vente til påske.
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no