Bli abonnent på Årboka for Sogn og Fjordane og få velkomstpakke på 17 Årbøker for berre kr 995,-
Les heile saka »
Tekniske feil gjer at det ikkje er mogeleg å handle i nettbutikken.
Les heile saka »
Norges største og mest kjende boksal, Mammut er i år frå 27. februar til 10. mars. Selja Forlag tilbyr desse titlane:
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Denne boka er den første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881-1950), ein markant vestlandskunstnar som ikkje bør gløymast.
Mons Breidvik var frå Brekke i ytre Sogn, men slo seg i 1907 ned i Kvam i Hardanger. Mons Breidvik var elev av Harriet Backer og Erik Werendskiold og var ven med kjende vestlandskunstnarar som Olav Rusti, Bernt Tunold og Nikolai Astrup.
Breidvik arbeidde alt vesentleg med teikning og grafikk, men også med kyrkjekunst. Han har hausta størst lovord for skildringar av born og for glimrande portrett. Her er representert i sentrale galleri i Noreg og USA som Nasjonalgalleriet i Oslo og Metropolitan Museum i New York. Elleve gonger var han representert på haustutstillinga.
Mons Breidvik var ein idealist med klåre meiningar. Iherdig arbeidde han for å gjera kunst til allemannseige. Han kjempa for norsk språk og bunadsskikk. Med styrke hevda han vestlandskunstens plass og kjempa for eit kunstakademi i Bergen.
Boka gjev innsyn i Mons Breidviks personlegdom og familieliv, og den iherdige kampen hans for å overleva som kunstnar i bygde-Noreg i første halvdel av 1900-talet.
Utgitt 2000
114 sider, innbunden
«Vestlandskunstnaren Mons Breidvik» er utseld
ISBN:
Denne boka er den første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881–1950), ein markant vestlandskunstnar som held på å verta gløymd.
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no