Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Publisert 15. januar 2009
kl. 15:36:52 av Grethe Eithun
Selja Forlag har teke over den tradisjonsrike Årboka for Sogn og Fjordane.
Årboka har kome ut kvart år sidan 1993, og er ein kavalkade over store og små hendingar i fylket. Boka har vore svært populær, og har gått til abonnentar både innafor og utanfor fylket. - Vi ønskjer å vidareføre årboka og leggje vekt på dei gode og viktige historiene, og dei gode bileta. I tillegg kjem boka til å ha ein fyldig faktadel, som kan vere eit lite oppslagsverk om fylket. Her blir det ein del statistikk kring folketal, arbeidsliv, næringsliv, trafikk og samferdsel, reiseliv, kultur og mykje meir. Det blir også ein fyldig del med sport, der dei viktigaste resultata og tabellane frå alle idrettane i fylket er med. Vi trur dette vil gje boka ein ekstra dimensjon, seier forleggjar Torkjell Djupedal. Årboka har sidan starten for 15 år sidan gått ut til abonnentane gjennom posten, og ikkje vor ei sal i bokhandelen. Dette er ei ordning Selja Forlag vil føre vidare.
Forfattar av Årboka er Helga Didrikke Sundal, journalist i Fjordabladet.
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no