Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Kulturhistorisk vegvisar for Gulatinget. Gulatingslova er det eldste norske lovverket og forløparen til den moderne norske rettsstaten.
Gulatinget er ein av dei eldste regionale tingstadene i Noreg. Det var truleg Harald Hårfagre som etablerte tingstaden, sist på 800-talet eller tidleg på 900-talet. Den opphavlege tingstaden var i Eivindvik i Gulen, midt på Vestlandskysten og ved innløpet til Sognefjorden. Tinget vart seinare truleg flytt til Flolid, og her er det i dag lagt ut tingpark, som òg er tusenårsstad for Sogn og Fjordane.
Tingsamlingane var dei første stega mot politisk organisert maktdeling, og tingordninga var ei viktig inspirasjonskjelde for det moderne norske demokratiet. Det går ei linje frå Gulatingslova til Grunnlova i 1814.
Denne boka fortel historia om Gulatinget og Gulatingslova i vikingtid og tidleg mellomalder. Ho er samstundes ein kulturhistorisk vegvisar til dei to tingstadene Eivindvik og Flolid. Boka er rikt illustrert med foto og kart.
Utgitt 2011
104 sider, innbunden
«Gulatinget» er på lager
Pris: kr. 268,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no