Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Denne boka er den første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881–1950), ein markant vestlandskunstnar som held på å verta gløymd.
Breidvik var frå Brekke i ytre Sogn, men slo seg i 1907 ned i Kvam i Hardanger. Her budde og arbeidde han i kunstnarheimen Fosslid resten av livet, med unntak av elleve år i USA.
Mons Breidvik var elev av Harriet Backer og Erik Werenskiold og var ven med kjende vestlandskunstnarar som Olav Rusti, Bernt Tunold og Nikolai Astrup. Breidvik arbeidde alt vesentleg med teikning og grafikk, men også med kyrkjekunst. I samtida hausta han dei største lovord for framifrå skildringar av born og for glimrande portrett. Han er representert i sentrale galleri i Noreg og USA.
Mons Breidvik var ein idealist med klåre meiningar. Iherdig arbeidde han for å få gode bilete inn i vanlege folks heimar. Han kjempa for norsk språk og betre bunadsskikk. Med styrke hevda han vestlandskunstens plass i norsk kunstliv og kjempa for eit kunstakademi i Bergen.
Denne boka gjev innsyn i Mons Breidviks personlegdom og familieliv, og den iherdige kampen hans for å overleva som kunstnar i bygde-Noreg i første halvdel av 1900-talet. Boka er rikt illustrert med kring 100 av Mons Breidviks kunstverk og kring 40 foto.
Boka kom første gong ut i 2000. Dette er 2. opplag.
Utgitt 2011
144 sider, innbunden
«Vestlandskunstnaren Mons Breidvik» er på lager
Pris: kr. 298,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Knud Bergslien
(1827-1908) og
nevøen Nils Bergslien (1853-1928) var to av dei mest fargerike vestlandsmålarane sist på 1800-talet.
Les meir
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no