Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Året er 923. Skosveinen Asgeir Åsason får vere med kong Eirik Blodøks på ferda til Bjarmeland for å utvide kongemakta si nordover.
Lite veit dei om at kong Halvdan Svarte i Nidaros hyrer berserken og kvinnerøvaren Steinar Grimsson til å ta livet av halvbroren Eirik Blodøks, som skal bli overkonge i landet. Men alt går ikkje etter planen. Asgeir Åsason får avgjerande innverknad på dei dramatiske kampane om rikdom og posisjon mellom sønene til Harald Hårfagre.
Dette er andre boka i serien "Odins smykke" om Asgeir Åsason. Han veit ikkje kven faren er, men av vismannen Tormod Frode har han fått vite at han er ein direkte etterkommar etter guden Odin. Dette må Asgeir halde for seg sjølv, til tida er inne.
Utgitt 2011
223 sider, innbunden
«Berserken» er på lager
Pris: kr. 98,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no