E-postadresse:  

Passord:  
Logg inn
Gå til handlekorg   Gløymt passord?

 

 

 

Hovudmeny

 
 

Årboka

 
 

Bøkene våre

 
 

Aktuelt

 
10.02.2012

Mammuttilbod 2012

Dette er årets mammuttilbod frå Selja Forlag:
Les heile saka »

03.02.2012

Kjempetilbod: 17 Årbøker for kr 995,-

Bli abonnent på Årboka for Sogn og Fjordane og få velkomstpakke på 17 Årbøker for berre kr 995,-
Les heile saka »

31.01.2012

Beklager

Tekniske feil gjer at det ikkje alltid er mogeleg å handle i nettbutikken. Vi ber difor om at de sender bestillingar på e-post til selja@selja.no eller ringer oss på telefon 57 83 22 20.
Les heile saka »

Gå til arkiv

bilde:   Copyright © 2008 Selja Forlag AS

Gamle Selje

Kulturhistoriske tekstar i utval ved Ove Eide

Eit utval tekstar med lokalhistorisk stoff frå Selje. Her er kloster og kyrkje, song og dans, rim og reglar, segner og eventyr, stadnamn og mykje meir.

Reidar Djupedal (1921-89) frå Selje var språkforskar og kulturhistorikar. Han var oppteken av både historie og historier, og skreiv gjennom heile livet ned folkeminne frå heimbygda. I denne boka om "Gamle Selje" har Ove Eide skrive ei innleiing og samla eit utval av Djupedal sine tekstar med emne frå Selje. Her handlar det om kloster og kyrkje, livet i gamle dagar, song og dans, segner og eventyr, stadnamn og mykje meir. Fleire av tekstane er skrivne på dialekt, der forteljinga om onkelen Jakob Djupedal sine opplevingar i Kanada utmerkar seg.

Reidar Djupedal var cand.philol. frå Universitetet i Oslo 1950, med hovudoppgåve om Ivar Aasen. Han arbeidde ved universiteta i København, Oslo og Bergen før han vart professor ved Universitetet i Trondheim i 1969. I "Store norske leksikon" er Djupedal omtala som "i sin tid den fremste kjenneren av Ivar Aasens liv og verk... Djupedal publiserte en mengde bøker og artikler av høy faglig kvalitet." I nettleksikonet"Allkunne" vert Djupedal omtala som ”ein av dei store kulturhistorikarane på 1900-talet.Sjølv om Reidar Djupedal store delar av livet budde andre stader, heldt han god kontakt med heimbygda, og Selje hadde alltid ein stor plass i livet hans.Boka er rikt illustrert med kring 135 gamle bilete frå Selje, mange av dei tekne av Kristofer Djupedal (1877-1963), far til forfattaren.Ove Eide (f. 1950) er lektor og forfattar frå Sandane. Han har skrive fleire bøker, m.a. biografien om Jakob Sande, historia om Firda gymnas, og historia om Sandane Turn- og idrettslag. Han har òg skrive artiklar om mange ulike lokalhistoriske emne.

 

Utgitt 2010
272 sider, innbunden


«Gamle Selje» er på lager
Pris: kr. 348,-
ISBN: Legg i handlekurv

Del boka på Nettby   Del boka på Facebook

 
 

To utvalde bøker frå kategorien Historie etter 1850:

Jakob Sande 2008

Jakob Sande-selskapet er tilbake med ny årbok. Ei bok som også denne gongen lar lesarane oppdage nye sider av Sande sine dikt.
Les meir

Skulen på Mo 1858-2008

Denne boka fortel historia om ein av landets eldste jordbruksskular. Mo jordbruksskule er den eldste institusjonen innanfor den fykeskommunale verk– semda t[..]
Les meir

Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no