Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Dette er første boka i ein historisk romanserie frå vikingtida med handling både frå Vestlandet og og historisk kjende stader.
«Du er blitt ein svært vakker ung mann, Asgeir. Gjeve kvinner kjem til å slåss om deg».
Asgeir Åsason er fødd i år 907 og veks opp på øya Bru i Sunnfjord. Ingen veit kven far hans er. Dette er ei stor skam, så medan jamaldringane får reise i viking, lyt Asgeir vere heime og gjere «kvinnfolkarbeid». Vismannen Tormod Frode tek seg av han i løynd, fortel at han er etterkommar av guden Odin, og lærer han både språk og idrettar. Men dette må han halde for seg for seg sjølv til tida er inne.
Tida er prega av hard strid mellom landsdelar, kongsemne og krigarflokkar. Dronning Gunnhild, gift med kong Eirik Blodøks, er ei kvinne som får stor innverknad på lagnaden til skosveinen Asgeir. Han oppdagar etter kvart at han har magiske krefter..
Dette er første bok i serien «Odins smykke» som går føre seg i brytningstida då heidendom og åsatru stod mot kristendom og Kvitekrist.
Bjarte Sindre (f. 1936) frå Florø er cand.philol. med nordisk hovudfag, pensjonert rektor, lokalhistorikar og har skrive fleire bøker. Dette er den første skjønlitterære boka hans
Utgitt 2010
224 sider, innbunden
«Asgeir Åsason» er på lager
Pris: kr. 98,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no