Vi anbefaler den spanande serien "Odins smykke" som påskelitteratur i år.
Les heile saka »
Sterke kvinner prega Sogn og Fjordane i 2011 på godt og vondt. Vi fekk kvinneleg fylkesmann, fylkesordførar og varafylkesordførar. Anne Karin, Åshild og Jenny skal styre oss, medan ustyrlege Berit og Dagmar gjorde livet surt for innbyggjarane på tampen av året.
Les heile saka »
Bruken av tradisjonsmat og lokale råvarer er populært som aldri før. Fjordamat-bøkene til Selja Forlag er no trykte i 9 opplag – til saman 27 800 eksemplar.
Les heile saka »

bilde: Copyright © 2008 Selja Forlag AS
”Den gong ei reise var ei reise” er skrive for alle som er interessert i kulturhistorie. Illustrasjonane er saklege i innhaldet, men eventyret og draumen er aldri langt unna.
I år 1900 gjorde den nyvalde stortingsrepresentanten Rasmus P. Sindre (1859-1908) og kona Gyda R. Støve (1858-1946) ei reise over Strynefjellet frå heimgarden sin i Markane i Stryn til Otta, der dei skulle ta toget til Kristiania og Stortinget.
Reisa med hest og kjerre til Otta tok tre dagar. Medan Sindre og kona gjekk på toget, fekk drengen Endre i Lidene (1842-1918) ein strabasiøs tur tilbake til Stryn. Det var berre med nød og neppe han kom seg over fjellet før vinteren sette inn.
Denne boka er ei fri forteljing om reisa, der forfattaren og kunstnaren Magne V. Kristiansen levandegjer ei reise over fjellet seinhaustes for over hundre år sidan. Tidsbiletet anno 1900 er fargerikt og nyansert. Tekst og teikningar tek oss tilbake i tid, og vi vert godt kjende med både motbakkar, uvêr, skysstasjonar og folk reisefølgjet møtte på vegen.
Magne V. Kristiansen (f. 1960) er lærar og kunstnar, fødd i Vestfold, men busett på Fjelli i Stryn sidan 1987.
Utgitt 2010
64 sider, innbunden
«Den gong ei reise var ei reise» er på lager
Pris: kr. 248,-
ISBN:
Legg i handlekurv
Copyright © 2008 by Selja Forlag AS | Postadresse: Postboks 151, 6801 Førde | Besøksadresse: Bergehallen, Fjellvegen 18, 6800 Førde
Telefon: 57 83 22 20 Mob.: 901 86 882 Telefaks: 57 83 22 01
Webutvikling og Webdesign av CodeService.no
Epost: selja(at)selja.no